RVO på Artic Entrepreneur
Årets første messe, og den største anleggsmessa i landet, fann stad førre veka. På The Qube på Gardermoen var det bransjetreff med fagprat, messe og fest.
Det var ministertungt med fleire statsrådar i år. Samferdselsministeren opna årets Artic Entrepreneur. Finansministeren var der og snakka om dieselprisar, og energi og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen deltok på MEF si medlemssamling for kvinner i anleggsbransjen.
Nærare 2000 påmeldte deltakarar, over 100 utstillarar og matservering og bar i messeområdet gjorde at det var stor aktivitet i hallen tre dagar til ende. Pølse med brød i pausen høyrer anleggsmessa til. Og flesk og duppe til middag.
Regionale verneombod for anlegg møtte mannsterke opp med sju deltakarar. Fleire til stakk innom. RVO hadde eigen stand fint plassert rett ved ein av barane i messehallen, og standen vart godt besøkt. Finansminister Vedum tok seg tid til å besøke dei regionale verneomboda på stand, og dei fekk snakka både om trygg grøftegraving og om tunge maskiner. I tillegg til å få med seg brosjyrar stilte han seg også bak standen og delte ut material til andre. Sikkerheit for arbeidsfolk er viktig, også for regjeringa!
Det var ikkje berre regjeringsfolk som besøkte standen til RVO, heldigvis. To tilsette ved Oscar Sundquist i Sør-Varanger gjekk målretta til standen og fekk med seg RVO-mappe med brosjyremateriell. Dei fortalte at dei brukar nettsidene til RVO flittig, og at det dei særleg likar, er brosjyrane. Her er informasjonen retta mot arbeidstakar, på eit språk og ei med utforming som er lett å forstå. Ei av dei underviser også på Fagskolen, og ho fortalte at ho i undervisning om HMS der brukar tid på RVO-sidene. Slikt er fint å høyre! RVO-ane oppfordra dei besøkande til å ta kontakt for besøk og rettleiing.
Onsdag var det kåring av beste lærlingbedrift, og det var nok den dagen det var flest unge arbeidstakarar til stades på Artic Entrepreneur. Det er dei unge arbeidstakarane RVO-ane er mest opptatte av å nå ut til. Torsdag var det fokus på sprenging på det faglege programmet, og det er ikkje utenkeleg at det gjekk fleire brosjyrar enn vanleg om steinstøv og tunnel den dagen.
Vedum fekk med seg brosjyre om sikkerheitsopplæring og om trygge grøfter. Me får håpe det ikkje er på regjeringskontoret han treng desse mest.